Frigjeringsdagen 8. mai

Nyhende | 8. mai 2009 | av Arne
Bautaen ved Bedehuset

Bautaen ved Bedehuset

Bygdalaget hadde i sist veke dugnad på bautaen ved Bedehuset, som på 17. mai i 1946 vart reist til minne om to av våre falne under andre verdskrig.

Ny sand og duk under hellene

Ny sand og duk under hellene

Dugnadsgjengen har spylt og vaska bautaen og hellegangen rundt støtta, desse er og tatt opp og reinska for gras og mose. Det er vidare lagt på ny duk og sand under hellene, skrifta på støtta er oppattmåla og ein håpar med litt stell, at det nå kan halda seg fint her i mange år framover. Siste gangen minnesmerket vart pussa opp var i samband med opninga av radiohola i 1990.

Dugnadsgjengen

Dugnadsgjengen

Bautaen vart reist 17. mai 1946 til minne om Ingvald Olai Hillestad som miste livet ved krigsforlis og Olav Johan Melkevik som fall i kamp for fedrelandet.

I dag, 64 år etter frigjeringsdagen den 8. mai 1945, lyser me fred over minnet til Ingvald Olai Hillestad og Olav Johan Melkevik.

Her kan du lese meir om dei to falne: