Flott markering av radioholedagen

Nyhende | 11. mai 2009 | av Arne
Høylandsbygd Musikkorps

Høylandsbygd Musikkorps

Grunna dårleg vêr vart den årlige radioholedagen i år avikla i bedehuset.

Edel Kristensen les dikt

Edel Kristensen les dikt

Ca. 40 personar deltok på gudsteneste og vidare i programmet for dagen. Bygdalaget som arrangerer dagen starta med å servera nylaga kaker og kaffi etter gudstenesta. Av eit kjekt og greit program kan men nemna at korpset spela tre melodiar og avslutta med årets kanskje største hit, Alexander Rybak’s – «Fairytale», noko som såg ut til å slå godt ann hos publikum. Det var vidare avspeling av opptaket til Kong Håkon sin tale frå London, samt Øverlands kjende dikt «Du må ikke sove».

Fløyte og pianospel

Fløyte og pianospel

Edel Kristensen hadde plukka ut nokon fine dikt frå krigens dagar som ho las for eit lydhøyrt publikum. Julie Christin Dahl Johnsen, Margrethe Thuestad og Herborg Irgens Sjo avslutta med  flott fløytespel akkompagnert av Harald Thuestad på piano.

Arrangementet får ein annen dimensjon med å vera oppe i hola, men dei frammøtte hadde alt i alt ei fin oppleving i bedehuset denne søndag ettermiddagen.