Eide gir Hillestadvågen ei ansiktsløftning

Nyhende | 29. mai 2009 | av Christian Bjørgen
Planteikningane for den nye fasaden til hangaren i Hillestadvågen. Scan: Christian Bjørgen

Planteikningane for den nye fasaden til hangaren i Hillestadvågen.

Fleire har kanskje fått nabovarsel? Eide Marine skal no nemlig pusse opp hangaren i Hillestadvågen med heildekkande måleri på vegger og tak.

Det er sendt ut nabovarsel til alle som bur i nærleiken, i tillegg til at planane ligg for syning både hjå Eide sine kontor, og hjå kommunen i Rosendal.

Etter dei vedlagde planteikningane å dømma, er det T.Hansen reklame på Sunde som har stått for designet.

Planane inneheld ikke noko spesifikk dato for når målinga skal gå føre seg, men etter været å dømme så vert det sikkert ikkje så særlig lenge til.