Første veggen på verdas største veggmåleri ferdig!

Nyhende | 18. juli 2009 | av Arne
Jekta Oline - kunst på høg plan dette!

Jekta Oline - kunst på høg plan dette!

Veggmåleriet på hallen i Hillestadvågen byrja å ta form.

Bilete av jekta Oline på veggen mot hovudvegen er eit fantastisk skue, dei to polske kunstnarane som arbeider med hallen er no komt godt i gang på sørsida. I løpet av sommaren skal kunststykket stå ferdig og me gler oss allereie. Dette kjem garantert til å bli ein skikkelig turistattraksjon i Kvinnherad!