Kva skjer med bygda når skulen vert lagd ned?

Nyhende | 21. februar 2010 | av Christian Bjørgen

Foreldre tilstades under Hauges siste skuleavslutning som rein barneskule.

Foreldre tilstades under Hauges siste skuleavslutning som rein barneskule.

I 2011 forsvinn skulen frå Høylandsbygd. Difor ynskjer bygdelaget no å kalle inn til bygdemøte på skulen, mandag 1. mars kl.19:00.

”KVA SKJER MED BYGDA NÅR SKULEN VERT LAGD NED?”

Dersom alt går etter planen, vil Hauge Skule bli nedlagd hausten 2011, då det står klar ny storskule på Sætre. Med dette mister bygda sitt sentrale knutepunkt gjennom sytti år. Det er derfor viktig at bygdefolket nå vaknar, og engasjerer seg for å bevare heimbygda si.

DERFOR ØNSKJER VI I BYGDELAGET Å KALLE INN TIL

ALLMANNA MØTE PÅ HAUGE SKULE

MANDAG 1. MARS 2010 – KL. 19:00

Kor går vegen vidare for Høylandsbygd?

Korleis kan vi bevare bygda vår?

Skal bygda ha ei framtid, treng me ditt engasjement og dykkar samarbeid!

Me kan ikkje lengre berre sitje å sjå på!