Skuleavslutning for siste gong

Nyhende | 21. februar 2010 | av Christian Bjørgen
Oddvar Eikenes ynskjer velkommen til den siste skuleavslutninga som rein barneskule.

Oddvar Eikenes ynskjer velkommen til den siste skuleavslutninga som rein barneskule.

I sytti år har skulen husa barn og ungdom frå Høylandsbygd. No er det slutt, og etter vinterferien vert Hauge storskule for mellomtrinnet på Halsnøy.

Og torsdag 18. mars var born, foreldre og lærarar samla for det som for mange elevar og føresette er den siste skuleavslutninga ved skulen. For frå og med første veka i mars vert det kun 5. til 7. klassingar og sjå på skuleplassen som i fleire generasjonar har husa barn fra Hauge skulekrins.

Dette betyr og at skulen, som i år har hatt om lag 40 elevar, vil få 86 elevar etter ferien, eit tal som igjen vil stige til nesten 100 elevar for året 2010/2011.

Det var godt oppmøte på avslutninga, som baud på underhaldning frå elevar, kake og kaffi, og såklart i rein Halsnøy-stil kunne ein ikkje gi seg uten ein runde bingo. Fleire aviser var òg tilstades og fekk intervjua nokre av elevane.