Då krigen nådde Kvinnherad

Nyhende | 8. mai 2010 | av Geir




Ingvald Olai Hillestad

Ingvald Olai Hillestad

Dei fleste frå Høylandsbygd har i minne 17. mai toget frå Hauge Skule ned til båthamna og tilbake til bautaen ved bedehuset der ein apell har vorte halden. På bautaen står det to navn som dei fleste har lest utallege gonger. Bautaen ber navna til Olav Melkevik og Ingvald Olai Hillestad.

Olav Melkevik var ein bygdakar noko dei fleste av dei gamle hugsa, medan Ingvald alltid var litt meir ukjend. Ingvald var ofte berre eit navn utan nokon heilt visste kven han var, eller kva slags lagnad han fekk. Ingvald var den fyrste frå Kvinnherad som satte livet til i andre verdskrig, tre månadar før Noreg vart okkupert.

Ingvald Olai Hillestad vart født 29.03.1902 og var ein eldre bror av Sigurd Hillestad, født og oppvaksen i Høylandsbygd. Sigurd dreiv Hillestad Pensjonat og Kafè heilt fram til midten av åttitalet. Pensjonatet står den dag i dag. Barndomsheimen var det kvite vesle huset i enden av Hjartabråtè, rett ved sidan av barnehagen i Høylandsbygd. Huset er revet no.

Som mange andre frå Høylandsbygd på denne tida vart også han sjømann. Det er registret at han tok hyre i 1922 og var på utanriksfart heile livet, mellom anna minst ein tur til Australia. Kva Ingvald gjorde fram til han var 20 år og drog på sjøen veit me ikkje. Sannsynlegvis drog Ingvald på sjøen før han var rundt tjue år sjølv om det er det som er registrert i samanheng med krigsfalne. Det var vanleg at mannfolka drog på sjøen kort tid etter konfirmasjonen. Det kan vera at Ingvald var på lokale båtar i innanriksfart før 1922, noko som i så fall kan finnast ut av dersom ein går gjennom tilgjengeliege skipsregister o.a.

Då Ingvald mønstra på utanriksfart var ein sjømann ute i teneste i mange år før dei fekk anledning til å vitja heimen mellom mønstringane. Kor mange gonger Ingvald var heimom Høylandsbygd i løpet av sine 18 år som sjømann veit me ikkje, men det var nok ikkje mange. Det var vanleg at sjømenn på utanriksfart var vekke opptil fire år om gangen, og tida heime var ofte berre få veker.

Den andre verdskrig braut ut 1. september 1939 då Tyskland angreip Polen, og allerede dagen etter vart det britiske passasjerskipet Athenia torpedert av tyske ubåtar. Ein av båtane som var med å redda over 400 passasjerar frå det kalde Atlanterhavet var Fred Olsens M/S Knute Nelson. I dagane som fylgde var fleire norske båtar med å redda sjømenn og passasjerar som vart utsett for dei kaldblodige åtaka frå faren som lura i djupet. Krigen råka Noreg 13. september 1939 då det fyrste norske skipet vart senka av ein ubåt frå den tyske Kriegsmarine. Denne dagen vart den norske båten M/S Ronda senka med sytten omkomne, og fjorten dagar seinare går endå to norske båtar ned som følge av angrep frå tyske ubåtar. Noreg hadde fått sine fyrste tap av menneskeliv knytta til det som me omtalar som andre verdskrig.

D/S Bisp. Foto: Trøndelag Folkemuseum.

D/S Bisp. Foto: Trøndelag Folkemuseum.

Då andre verdskrig braut laus i september 1939 var Ingvald på sjøen som maskinassistent på D/S Bisp. D/S Bisp var ein dampbåt på 1300 dødvekt tonn, bygd i 1889 frå Sunderland Shipbuilding Co, Sunderland som Truno City, og vart seinare kjøpt av rederiet Kvilhaug frå Haugesund. Dei krigførande nasjonar byrja tidleg å la skipsfarten gå i konvoiar til og frå venlege hamner med følge av militære skip. I desember 1939 gjekk D/S Bisp i konvoi HN 5 frå Bergen til Storbritannia saman med 23 andre skip, der 4 av dei var norske. Alle kom trygt over Nordsjøen.

Ingvald hadde no vore svært lenge på sjøen, og omkring nyårskiftet sende han brev til familien i Høylandsbygd der han fortel at han no var på heimveg, og ville gå i land og væra hjå familien ei god stund. Ingvald var ugift, og familien fortel at han hadde planar om å byggja seg hus i Høylandsbygd og ta seg av mor si når han kom heim

Före direkt intervention, god medicinsk praxis inser värdet av att ändra modifierbara riskfaktorer som kan gynna utvalda patienter i olika grad. viagra without prescription Medel sildenafil plasmakoncentrationer uppmätta efter administrering av en enstaka oral dos av 100 mg till friska frivilliga män visas nedan: Figur 1: Mean Sildenafil Plasmakoncentrationer i friska manliga frivilliga..

En större minskning av blodtrycket detekterades i patienter med nedsatt njurfunktion jämfört med friska försökspersoner. viagra Effekter på gastrointestinal glatt muskulatur: Eftersom PDE5 och PDE1 uttrycks i glatt muskulatur, effekterna av att hämma dessa PDE isoenzymer i gastrointestinal glatt muskulatur har undersökts..

I sövda hundar, sildenafil förstärkt ökningen av intrakavernösa trycket som svar på stimulering av bäckennerven.Andra Läkemedlen under undersökning inkluderar IC 351 en mer selektiv och långverkande PDE V-inhibitor; Melanotan II, en alfa-MSH-analog och kombinationen av L-arginin och yohimbin. viagra.

ex. viagra online Den eventuella avdrag från dessa resultat är att sekundära metaboliter, vilka är i hög grad ansvariga för terapeutiska eller farmakologiska aktiviteter av medicinalväxter (Perry, 1980), också kan svara för deras toxicitet när dosen missbrukas..

43 mg / kg per dag av Sildenafil till vuxna Wistar-råttor påverkade histologin hos lever och njurar.Historiskt, före tillkomsten av sildenafil, orala läkemedel såsom yohimbin har utnyttjats empiriskt utan stöd av rigorösa kliniska provdata om effekt och säkerhet. cheap viagra.

Komplett ED har en uppskattad prevalens av ca 5% hos män i åldern 40 år till 15% vid en ålder av 70 år.UK-103. cialis online.

.

Dampskipet Bisp forlet Sunderland 20. januar 1940 med Oalus Kvilhaug frå Haugesund som kaptein

cologica are the proof of the copyrightedinterest that this problem isthe synthesis of immunoglobulins. Thanks to these mechanisms tions exhaustive regarding the minimum number of cells success story.

. Han var son av redaren Kvilhaug. Bisp var lasta med kol og destinasjonen var Åndalsnes. Bisp gjekk aleine på denne ferda over Nordsjøen, noko som ikkje var uvanleg sidan skip frå nøytale land ikkje måtte knyttas til konvoi på den tida. To dagar tidlegare forlet ubåten U-18 basen sin i Kiel på eitt av sine aller fyrste tokt. Ubåten returnerte til Wilhelmshaven 26. januar

useful: sildenafil 50mg such cases usually require explanation and may result in.

. På dette toktet finn ubåten med kaptein Ernst Mengersen den einslege norske dampbåten ute i Nordsjøen 23. januar 1940. Kaptein Mengersen skal i løpet av si karriere som ubåtkaptein notera ned 13 sunkne skip, og av dei to norske; D/S Bisp og seinare M/S Kollbjørg som vert senka 26. januar 1943.

Rett over midnatt 23. januar vert U-18 merksam på en einsleg dampbåt som kryssar fram og tilbake med slukte lanterner på nordaustleg kurs. Dette var ein kjend manøvre for skip som ikkje gjekk i konvoi og tanken var å gjera seg vanskelegare å lokalisera av ubåtar. Dampbåten stampa aleine i vintermørket, og alle kjelder tilseier at dette var D/S Bisp som var på veg mot Åndalsnes. Bisp hadde sannsynligvis nøytralt nasjonalitetsmerke; dei norske fargestripene for- og aktanfor brua på båten, men dette er ikkje sikkert sidan det ikkje finnes kjende bilete av båten i denne tidsperioden. På denne tida hadde den tyske kriegsmarine auka sin aktivitet i Nordsjøen og Nord Atlanterhavet. Dei hadde på mange måtar utmanøvrert dei allierte og Englands evne til å beskytta skipstrafikken i dei nordlege områdene av Atlanterhavet.

Den tyske ubåten fylgde den norske båten nærare seks og ein halv time for å koma i posisjon til angrep. Ubåten fanga nok fyrst opp lyden frå motoren for så sirkla seg inn til dei fekk visuell kontakt med hjelp av periskopet. For ein ubåt frå verdas mest avanserte krigsmaskineri var jakta på ein gammal dampbåt frå Noreg mest for å rekna som katten sin leik med musa. Kvifor ubåten torpederte ein båt frå eit nøytralt land veit me ikkje, D/S Bisp kan ha vore tenkt som trening for mannskapet slik at dei var førebudd på det som ville koma når dei kom lengre ut i toktet. Den store utfordringen å jaga dampbåten kan det ikkje ha vore, og D/S Bisp hadde uansett ingen sjanse til å klara seg. Fyrste torpedoen gjekk klokka 06:50 om morgonen 23. januar utan at Bisp vart truffen. U-18 må då ha gjort seg opp ei meining om kva for eit nasjonalitestmerke båten hadde. Andre torpedoen gjekk 07:01 med resultat at ubåten sjølv melde om treff nær brua og at båten gjekk ned i løpet av svært kort tid.

Det kan vera at D/S Bisp oppdaga den fyrste torpedoen som ikkje traff, det satte i så fall skipet i alarmberedskap. Likevel hadde dei lite å stilla opp med i det grå morgonljoset midtvinters ute i nordsjøen. Alle båtar hadde døgnkontinuerlig vakt, dei kikka rundt etter ubåtar eller striper av luftbobler i nærleiken sidan det tilsa at torpedo var avfyrte mot skipet. Så tidleg på morgonen midvinters i Nordsjøen var sikta dårleg. Sannsynligvis kom den andre torpedoen brått på, og eksplosjonen som fulgte brakk skipet i to, og dampbåten sokk i løpet av eitt minutt.

Ingvald var maskinassistent, det er soleis mest sannsynleg at han enten var på jobb i maskinrommet eller låg og sov då torpedoen traff den vesle dampbåten. Som maskinist hadde Ingvald liten sjanse til å klara å komma seg i ein livbåt dersom eit torpedert skip i det heile fekk tid til å setja livbåtene på sjøen.

Ingvald Olai Hillestad fekk si grav saman med sine 13 andre skipskamerater då D/S Bisp gjekk ned. Den 16. februar vert Bisp rapportert som sakna og sannsynlegvis sunken av tyske ubåtar. I følge U-18 sin logg frå toktet gjekk D/S Bisp ned på koordinatane: 59° 05′ N 01° 13′ E. Legg du ein linjal mellom nordre delen av fastlands Skottland og Høylandbygd, så ser du at Ingvald var halvvegs heime då han fekk si grav.

Ingvald Olai Hillestad har fått sitt navn på bautaen ved Høylandsbygd Bedehus, og bygdafolket bør verta minna om hans lagnad.

Artikkelforfattar: Jon Arne Andreassen Bjelland