Mai-moro i Høylandsbygd

Nyhende | 10. mai 2010 | av Christian Bjørgen
Auksjonarius Nils-Arne Fosse fekk bygdefolket til å trekkje på smilebanda (Foto: Arne Bjørnevik)

Auksjonarius Nils-Arne Fosse fekk bygdefolket til å trekkje på smilebanda, medan Anne Sofie Jensen holdt kontroll på rekneskapen. (Foto: Arne Bjørnevik)

Det var full aktivitet både laurdag og søndag i Høylandsbygda i helga som gjekk.

Laurdagen vart det arrangert auksjon på parkeringsplassen ved Administrasjonsbygget på Røysaneset, i regi av Høylandsbygd Bedehus, og det var mykje folk frå heile øya som hadde tatt turen i det fine vårvèret for å delta. Her var det mykje fine ting på blokka, og auksjonarius Nils-Arne Fosse frå Fjelberg passa på at ting gjekk som det skulle. I tillegg til auksjonen var det også ord for dagen ved Aksel Lygre, flott trekkspelmusikk levert av Hans Helge Vik, samt tryllekunstar frå Even Hauge, som hadde tatt turen heilt i frå Haugesund for å delta. Det var òg tradisjon tru åresal og loddsal på bøker, kor det var mykje fine premiar og hente. Det var òg kafè innandørs, kor det var mogleg å få kjøpe kaffi, kaker og ymse.

Søndag var det duka for den årlige radioholedagen, også i år i regi av bygdelaget. Dagen vart opna med eit halvtime-langt innslag, kor ein fekk høyre om dei to gestapistane som vart skòtne på Sunde under andre verdskrigen og om det som skjedde etterpå, i anledning frigjeringsdagen. Gudstenesta blei i år holdt av Pål Dale, med Lars Erik Tjeldflåt på orgel. Det var òg sal av kaffi og kaker. I tillegg var det musikalsk innslag av Elin Sofia Lohtsberg frå Sunnhordland Folkehøgskule, akkompagnert av Carsten Simonsen på piano.