Informasjon
Høylandsbygd ligg på sør-austenden av Halsnøy i Kvinnherad, omlag 8 km frå Sæbøvik, og tvers ovanfor Høylandssundet i forhold til Sandvoll.
Bygda har omlag 420 innbyggjarar, eigen butikk, barnehage og skule, samt eit nyrenovert forsamlings- og bedehus. På Slettaneset finn du og ei flott badestrand, med nytt toalettanlegg bygd i 2009. I Høylandsbygd finner du og mange forskjellige bedrifter, som blant anna Bergen Group Halsnøy og Eide Marine Services.
