Kontakt oss

Kontakt oss på epost: liv-tom@haugnett.no
eller bruk skjemaet til høgre. Er det noko som er uklart, ring Liv Astrid på 92696608

Hald sida levande!

Denne websida er dreven og oppdatert av enkeltpersonar og ildsjeler med tilknyttning til Høylandsbygd og Høylandsbygd Bygdalag. Målet vårt er å skapa ein portal og eit bindeledd for dei som bur fast i bygda, utflytta høylandsbygdarar og alle andre interesserte. For at me skal få ei levande og god websida er me avhengige av at også lesarne våre bidrar med tips og inspel. Me er takknemlige for alt stoff som kjem inn!

Har du har enkeltbilete / biletseriar så har me plass i vårt galleri! Send bileta og gjerne ein kort bilettekst så skal me leggja da inn!

Har du ei helsing til familie, venner eller kjende, kan du nå få denne publisert på websida. På sida «Gratulasjonar» ynskjer me å samle helsingar i anledning fødslar, konfirmasjonar, vigslar, bursdagar m.m. Send oss tekst og gjerne bilete så skal me leggja da inn!

Ein ny funksjon på sida er bygdakalenderen som ein finn øverst i venstre marg på framsida. Her ynskjer me å samle alt som skjer og kan være av interesse for den jamne høylandsbygdar. Har du kjennskap til nye hendingar, eller er det ei hending som av ein eller annan grunn manglar, send oss eit tips så skal me leggja da inn!

Den nye sida er enno i ein tidleg fase og både innhold og funksjonalitet vil betra seg i tida framover. Systemet som den nye websida er bygd på er veldig fleksibelt så dersom det er noko du savnar på sida, eller du har forslag til utbetringar – gje oss ein lyd!

Høylandsbygd Bygdalag